Foto: Torill Olsen

Kampen om Finnmark: Velgrunna motstand

i Kommentaren av

Skrevet av Nils Aarsæther, tidligere professor i samfunnsplanlegging vei UiT.

Når «folk på toppen» driver gjennom endringar som flyttar makt frå dei mange til dei få, utløyser det sinne og protest. Men så går det over, for høgrepartia, NHO og redaktørane i dei store mediehusa står på for å vise nødvendigheten av å få privatisert og sentralisert mest mogleg.

Motstandarane blir karakterisert som drivne av lengt etter fortida, utan evne til å tenke nytt og dristig. Og folk flest bryr seg etterkvart mindre, særleg når ei rekkje billigselskap tilbyr utlandsferier til nokre få hundrelappar.

Men så skjer det noko. Det starta med Leka kommune, som greidde å få omgjort vedtak om tvangssamanslåing i Stortinget. Men det nye kjem først og fremst til uttrykk i kampen for Finnmark som eige fylke og for at Finnmarks befolkning fortsatt skal få velge sine representantar til Stortinget.

Vi som følger (og deltar) i denne kampen for regionalt demokrati, altså det beskjedne kravet om fortsatt å ha eit etablert fylkesting og ein akseptert representasjon for Finnmark på Stortinget, ser at argumenta for Finnmark er gode.

Med 76.000 innbyggarar som grunnlag maktar faktisk Finnmark å løyse dei same oppgåvene som Rogaland, eit fylke som er mange gangar så stort i folketal.

Eg vil påstå at Finnmark har oppøvd langt større kompetanse på samfunnsutvikling enn dei fleste andre fylke, og dette kjem av dei heilt særeigne utfordringane som berre Finnmark har: Handtering av samarbeidet med Russland, at Finnmark er samefylket framfor alle andre, og at fiske/havbrukssamfunna langs kysten treng heilt spesiell oppfølging for at den avanserte fiskerilogistikken – frå hav til middagsborda på kontinentet skal fungere, med nye krav til kvalitet og bærekraft.

Mens det økonomiske eigarskapet til kvoter, båtar og laks kontinuerleg blir overført til rederi og finansfolk lenger sør, gjenstår det for «folk på toppen», gjennom å fjerne Finnmark som eige fylke, å sikre at finnmarkingane ikkje får ytre seg og fremme krav som betre balanserer folkemakt med kapitalmakt.

Det skal bli færre folkevalde, og ein lengre veg for å gjere seg gjeldande politisk. Satt på spissen dreier det seg om å få endeleg satt kolonistatus på Finnmark. Blir det samanslåing med Troms blir vegen rydda for nye oppkjøp og utflytting av arbeidsplassar til Tromsø og sørover.

Velferd for dei gjenverande (eldre) skal då tryggast gjennom statlege «pakkar» og tilreisande helsepersonell.

Motstanden i Finnmark er eit opprør mot å bli satt tilbake, demokratisk, og mot å bli betrakta som ein koloni. Ingen andre regionar i Norge risikerer å tape så mykje som folk i Finnmark, gitt naturvilkåra, avstandane, ressursane og den særeigne finnmarkskompetansen.

Derfor gir ikkje fylkesordførar Ragnhild Vassvik seg; derfor er det ikkje resignasjon å spore blant dei tusenvis av aktive som utkjempar kampen på folkemøter, i avisspaltene, på sosiale media, rundt kjøken- og kafebord og på besøk til slekt og vener sørpå.

«Folk på toppen» satsar på utmatting, men fåfengt. Ingen i Finnmark har hoppa over på andre sida, i staden veks sympatien for Finnmark si sak i sør-Norge. Så sterk er sympatien blitt, at det renn over for Stavanger Aftenblad sin redaktør: «Finnmark må settes under statlig administrasjon». Snakk om å sleppe katta ut av sekken!